|
Sv: Bildetråden 30+
Ok.
Lukkar auga og hoppar i det... (Eg har også bilder i undertøy, men dei kjem eg ikkje til å poste på internett. Enda dei viser meir... men også nettopp derfor ) Veldig nifst å bryte anonymiteten, men vi lar det stå til. Er nok ikkje så anonym som eg trur uansett, tenker eg!
Eg har ingen "før"-bilder som er tatt spesifikt for formålet. Men eg kom over dette bildet av meg som er tatt v skolestart for to år sidan. Huff, eg fikk sjokk da eg såg det, for eg har ikkje heilt sett sjølv at eg har forandra meg. Har heller ikkje nøyaktig vekt frå august '08, men vekta da eg bestemte meg for å "legge om" i mars 2009 var =gulp= 130 kilo. Så det er nok rundt der ein plass, tenker eg. Eg gikk ned 24 kilo på eit halvt år, men så ramla eg saman og gikk opp 8-9 kilo igjen på eit par månader, tok ny rev i seila i mai i år. Bilde nr 2 er tatt 1. mai 2010, da var eg ca 114 kg. Same skjørtet, som de ser. Det er kjempeelastisk, så det har vore med meg opp og ned i vekt og gjennom svangerskap og mykje rart, eg kan sikkert bruke det til eg er 90 kilo - minst.
Tredje bildet er tatt i dag, prøver å ha ein tilnærma lik positur som det første for å betre sjå skilnaden mellom da og no. Enda eg ikkje har kroppsmål frå den gong trur eg har minka litt i omfang. Strengt tatt veit eg at eg må har gjort det, for i fjor sommar i mai kjøpte eg meg ein BH tatt etter mål i 115DD som passa perfekt og den vart for stor på ca to månader, eg måler ca 105 under bysten no. Det blomstra skjørtet eg har på meg i dag er i str 48, og eg kan enkelt ta det på og av utan å verken kneppe opp knappen eller gli ned glidelåsen. De ser frå bilde 4 at det er såpass mykje å gå på i elastikken at eg kan trekke det litt ut frå kroppen (knappen og glidelåsen er naturlegvis igjen). I fjor kunne eg ikkje eingong tenke på å gli opp glidelåsen, det var pølseskinn med glidelåsen heilt åpen...
Eg er jo framleis uomtvisteleg diger, og har mange kilo som skal av, men litt framgang har det nok vore, sjølv om eg ikkje ser det i spegelen 
__________________

Sist redigert av Zillah : 03-11-10 kl 14:02.
Årsak: Tillegg.
|