Sv: Novemberskravletråden til 30+
Har hatt ei SUPERFLOTT HELG, rett og slett!! Fredagskvelden tilbragte eg saman med veninnene mine i litt forsinka fødselsdagsselskap (ikkje for meg, men veninna som fylte år dagen etter meg), svært hyggelig. Med litt vin og "bobler", og tungespissen i noko sterkt noko. Og blei servert mat eg kunne ete, så eg hadde ikkje trengt å lage middag heime ein time før. Haha. Overnatta hos ei av veninnene - har vel ikkje hendt heller det at eg har overnatta borte utan ungar. Også ei hyggelig forandring i kvardagen!
Min kjære bror m familie var på besøk frå tigerstaden, så eg og minstemor og svigerinna mi og hennar lille var på badeland på laurdag og kosa oss og plaska, før snuppa og eg overnatta hos foreldra mine. Og dei to små jentene hadde det så kjekt saman heile helga
Må no vel vere omtrent den beste helga i dette tusenåret. Og bonusen er at eg har kome lenger ned i vekt enn eg har vore i det same tidsrommet, og enda litt til 
__________________

|