Sv: Den store håndarbeidstråden!
Opprinnelig lagt inn av Zillah, her.
Artig ullbukse, Modezty!
Men ho er blitt altfor vid. Så det får bli ein hals i staden. Og så legg eg opp på nytt til lue og lagar meg lue og hals i staden for lue og skjerf. Funkar det også, så slapp eg å eksperimentere med toving for å krympe elendet. Snart blir eg god og varm. 
Jepp, veldig stilig ullbukse!
Hehe, store luer veit eg alt om.. Eg skulle strikke ei skikkelig godlue til pappa ein gong, og det i islandsull, og den er ikkje tvinna, tanken var at den skulle tove bra. Eg strikka den ganske stor. Herre min hatt, eg trur eg hadde den i vaskemaskina minst 2 gongar, på 60 grader, og likevel var den stor. Til slutt tok systera mi ei runde for hand med den. Den lua heiter no berre "hjelmen" Den er megatjukk! Men mannen er nøgd sjølv, så då er det jo greit.
Eg har strikka og tova nokre hattar også. Det er moro! Men då må eg som regel hente ulla frå Norge, for mesteparten av all ull her nede er plastbehandla slik at den ikkje skal krympe. Skulle strikke og tove ein hatt til grandtanta til sambu, og den vart berre større og større, til fleire gongar eg heiv den i vaskemaskina.. Og det stod "ren ny ull" på... Den hatten kokte eg til og med... i ei panne på komfyren. Hjalp det? Nei. Kunne ta den over hovudet og tre den heilt ned til skuldrane. 
|