Gravid - men klarer ikkje leva lavkarbo pga kvalmen...
...og kiloane snik seg raskt på... har no gått opp to kilo frå 67kg som er mine "før gravid"-startvekt, og no vek eg 69.... offameg, kjenner eg vert DEPPA!!!
Ja, eg veit, ein skal legga på seg når ein er gravid, men foreløbig er eg berre 8 veker på veg, og om dette går like fort heile tida, så veit eg ikkje kor dette skal enda... eg nektar å legga på meg 35kg slik eg gjorde sist *grøss*
Eg et stort sett lavkarbo, med knekkebrød, litt frukt og nøtter for å ligga unna ketosen, men så er eg så uvel og kvalm for tida at eg knaskar på litt yoghurt, litt gryn og slike andre høgkarbo ting... klarer liksom ikkje eta ost kvar gong eg føler meg kvalm heller....
Uansett, eg skal nok klara å peila meg sjølv inn på rett spor att, men treng litt kvalmestillande lavkarbo tips....... Sit liksom med tankar om å vera "drastisk" for å komma meg med på 67kg att - og det er litt skrømande......
Off, skal ikkje vera lett dette her med vektoppgangsangst og graviditet..... *sukk*
|