Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
Eg lurer på dette med å legge ut bilder/film på nettet.
Så vidt eg forstår har ein ikkje lov til å offentleggjere bilder eller film av andre personar utan samtykke (og ein er vel gjerne ekstra strenge når det gjeld mindreårige). Gjeld dette uansett kva samanheng bildet/filmen er tatt?
Eg har til dømes tatt opp eit filmklipp av orkesteret der jenta mi spelar, under ein konsert på offentleg stad tilgjengeleg for alle som var interesserte. Kan eg publisere denne på heimeside/blogg/facebook osv eller er dette ulovleg? Og dersom ja til det første, er det prinsipiell skilnad på ein slik situasjon som skissert vs eit opptak av orkesteret under lukka øving?
__________________

|