Sv: Tråd for junistartere
Flott med kokebok, det ønska eg meg også, men eg fikk så mange andre ting frå ønskelista at eg kunne vel ikkje få alt heller
Eg har også hatt mykje kos i jula, men ikkje av "konfekt, mandarin og marsipan"-typen, og har ikkje sakna det heller. Tok meg ein halv potet til ribba på julekvelden, og spiste halvparten av han. Meh, potet er da ikkje så godt. Smakte ein bit lefse også, treng jo ikkje vere fanatisk. Og lefse er jo godt, men... det var liksom ikkje så uunnværleg som i tidlegare år. Merkeleg, dette, ting endrar seg sann.
__________________

|