Sv: Ny her. Litt spørsmål jeg ikke fant svar på
Opprinnelig lagt inn av malinos, her.
har mer eller mindre hatt overspisings perioder siden september, med periodvis, kun overspising uten renselse, overspising med renselse, og faste OG perioder h or jeg har fulgt lavkarbo. Når jeg følger siste nvente, føler jeg meg utrolig mye bedre, både psykisk og fysisk. Men så skal jeg liksom prøve å spise en brødskivet å jeg e rpå kjøret igjen.
Hei Malin, velkommen til oss!
Gratulerer med betring. Det er synd du ikkje får støtte frå behandlaren din for å ete mat som gir deg eit betre liv. Eit liv med SF er ikkje eit godt liv, eg sleit med det i rundt 15 år. Eg er som enkelte andre her uenige i at det er kun psykisk. I hovudsak er det nok det for mange, men at det fysiske spelar inn er eg overtydd om - maten vi har i oss kan forsterke og forverre matmisbruket og forsterke dei negative kjenslene knytta til det, det har eg ingen tvil om.
Dr Sofie Hexeberg skriv litt om behandling av pasientar med sf i boka si "Frisk med lavkarbo". Lavkarbo (her især ketogen kost) er ein utmerka reiskap i arbeidet for å bli frisk. Du må jobbe med psyken i tillegg, men å få kroppen til å spele på lag med seg må vel berre vere bra. Prøv å få ein oppegåande lege med på laget, dersom du ellers har eit godt forhold til psykologen din, ellers kanskje du kan vurdere å bytte behandlar til ein som er meire åpen for at det ikkje er one-size-fits-all av behandlingar. Lykke til!
__________________

|