Vis enkelt innlegg
Gammel 15-03-12, 22:28   #53
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Marsskravletråden 30+

Snickersmilkshake var nytt for meg. Interessant. Men kjekt at du hadde gått litt inn likevel, da! Eg har ikkje målt meg med målebånd på år og dag. Det vart jo aldri nokon skilnad likevel. Det har det ikkje vore på vekta heller, for så vidt, i nokon større grad. Men denne måndagen her (ja, det er måndag som er veiedag) fikk eg meg ei stor overrasking:

Eg prøver alltid å stålsette meg så godt eg kan for vektoppgang. To kilo opp og sånn. For det er jo slett ikkje uvanleg her i huset. Og eg har kjend meg så... plump, og venta mens og greier. Så da eg gikk opp på vekta og såg at det stod 91.2 kilo trudde eg rett og slett vekta hadde tatt kvelden og viste feil. For det var jo heilt usannsynleg stor nedgang sidan sist veke. Men eg prøvde fleire gongar og det var ingen feil. 4,4 kilo ned sidan sist måndag. Og med eitt forstod eg kvifor støvlettane mine hadde vore så lette å ta på seg i helga...

Eg har jo gått rundt med ødem i varierande grad i årevis. Det har variert mellom "trangt" via "veldig trangt" til "nei eg har ikkje sjans til å få på meg desse i dag" mengder med vatn i beina. Og plutseleg var det berre der ikkje lenger! Eg forstår overhodet ikkje kva som er årsaka til det, men klager ikkje. Skal berre nyte å smette på meg støvlettane og dra igjen glidelåsen utan det minste besvær, så lenge det varer.

Reknar ikkje med at det varer så lenge. Men her og no er det absolutt vidunderleg

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat