Vis enkelt innlegg
Gammel 24-03-12, 13:16   #74
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Marsskravletråden 30+

Hadde vel vore greit å vere matlei om ein berre ikkje gikk for det kjappe enkle som ikkje er bra for oss, på ein måte.

Eg er ikkje matlei. Eg er mest matlaus. Eg går her og balanserer matinntaket ikkje med tanke på å gå ned i vekt men "kva eg ha i dag for å oppretthalde helse, og korleis kan eg få råd til det".

57 gram protein og nok feitt til å ikkje kjenne sult. Ein boks sardinar, 1-2 egg, eit par teskjeier feitt, litt nøtter. Men spesielt sardin og nøtter er dyre matvarer. Så eg fyller på med te i løpet av dagen. Lager ein stor termos full (da varer teposen lenger, enn om du må ta ein ny per kopp) og koser meg som best eg kan med det.

Lunsj er i stor grad ein vanesak, kjenner eg. Når eg kjem heim på ettermiddagen og er svolten etter å ha gått heile dagen frå frukost-egget mitt, så hender det at eg tar litt nøtter og kanskje ein osterull m smør, og da blir eg eigentleg såpass mett at eg ikkje treng middag. Men det er jo bra, for da blir det meir til ungane så dei slepp å legge seg svoltne.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat