Vis enkelt innlegg
Gammel 23-07-14, 10:07   #33
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Passert 40 år og sliter med vekta ...

Eg et ofte "middag" - same kva tid på døgnet det er, frukost, lunsj, middag eller kvelds. Kor ofte har eg ikkje høyrt "et du middag til lunsj kvar dag du?" eller "kva for spennande greier har du med i dag" på jobb. Ein er jo ikkje nøydd å ete brød til brødmåltida, men det er veldig lettvint og praktisk.

Eg har oppskore, heimelaga brød i frysaren, som eg tek ut eit par skiver av og puttar i brødristaren om morgonen, og tek med på jobb. På jobb har eg smør, majones, diverse pålegg og paprika eller tomat og liknande liggande. Brødet er litt "soggy" i konsistens, derfor hiv eg det altså i brødristaren direkte frå fryst tilstand. Det er kaldt når eg et det på jobb, men med grei konsistens, synest eg.

Brødet er noko eg slengjer ihop av egg, cottage cheese (eller kremost), salt, bakepulver, fiberhusk og det eg måtte ha av frø i hus: sesamfrø, solsikkefrø, graskarkjerner, linfrø, chiafrø, valmuefrø (noko av det knuser eg i stavmiksboksa), kanskje litt olje, til ein litt våt konsistens, lar det svelle, og steiker i ei silikonbrødform ein god time på ca 180 grader. Har ikkje rekna ut karbohydratmengde i dette, men det er mindre enn i kjøpebrød i alle fall. Det finst mange oppskrifter her inne, Karins beste er ein av dei betre!

Eventuelt kan du lage knekkebrød, utan mjøl i. Sjekk ut Nannah sine, dei er gode (og veldig like mine ).

Elles har eg no og då brukt oppskore squash som brøderstatning. Squash med makrel i tomat og majones er godt!

Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat