Vis enkelt innlegg
Gammel 10-03-10, 11:42   #11
Øyværing
Juniormedlem
 
Medlem siden: Mar 2010
Innlegg: 10
Øyværing er på en erverdig vei

Sv: Hvordan holde stabil vekt etter endt kur?

Eg trur det dreier seg om livsstilsendring - ikkje slankekur. Det er svært lenge sidan eg sist åt ein potet - og eg saknar ikkje poteten. Brød var lettare å sakna - men no går det greitt utan. Og etter ei tid - blir det nye ting som er godt. Smakssansen er endra.

Eg har ikkje noko vitskapleg tilhøve til dette - eg held meg til eiga røynsle, sunn fornuft, og ei slags erkjenning av at lavkarbofolket har fått med seg noko vesentleg om korleis kosthald og forbrenning fungerer.

Dette har også ei viktig positiv side: Etter å ha levd utan brød og potet lenge, er eg ikkje lenger matlei. Tidlegare var det ofte eit ork å gå i butikken å finna mat som ein hadde lyst til å eta, eller i kjøleskåpet for å finna noko som ein hadde lyst på. Ein var svolten, men hadde ikkje lyst på noko.

Elles trur eg som tidlegare røykar at sukker-insulinpendlinga er ei form for vanedannande avhengigheit. Sidan måltida er eit av våre viktigaste rituale, blir vi fanga i eit mønster. Det er akkurat som når du "må" ha ein sigarett om morgonen, etter middag, i matpausen på arbeid. Vanedannande stoff skal ein vera forsiktig med.

Og då trur eg - ut frå rein analogi - at det må vera betre med mykje karbohydrat sjeldan (rømmegraut eit par gongar på sommaren, potetball attåt saltkjøt) enn med lite karbohydrat ofte. Lite karbohydrat ofte = at ein fell inn i eit vanedannande mønster. Du blir ikkje hekta på tobakk igjen av ein feit nyttårssigar. Ein kvart sigarett kvar morgon, derimot....

Øyværing er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo Svar med sitat