Vis enkelt innlegg
Gammel 23-06-11, 07:44   #41
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Hvor mye veide du på det meste, og hva er målet?

Eg vog vel 103kg den dagen eg fødde jentungen i 2005, då hadde eg gått opp 30kg i løpet av svangerskapet. Ein mnd etter var eg vel nede i litt over 80kg ein plass, men som med fleire eg les her inne var ikkje amminga ein effektiv "slankekur" for min del, så vekta kraup (ikkje sakte, men) sikkert opp til 90 kg. Då var eg superdeppa over min eigen kropp og vekta, så då starta eg omlegginga.
Eg er 163cm over bakken.

Målet har heile tida vore 60kg. Kom meg ned på 70kg ganske greit (dei siste ti ved hjelp av lavkarbo). Deretter vart det vansklegare å få av kiloane. Men etter ca to år med nokonlunde stabil vekt (jippi! flink var eg!) tok eg tak i ting att, og var nede i 64,2kg i august i fjor! Men så var det sydentur, og no gravid....

Men uansett, målet er framleis 60kg! Og kjem til å vera det til den dagen eg faktisk er der

No veg eg derimot 82kg, og gler meg til om ein månadstid når bebissn er ute og eg kan byrja å jobba att Heldigvis ikkje 30kg vekthopp denne gongen, heller halvparten (med mindre det vert supervarmt og eg legg på meg 15kg over natta... skrekk og gru...)

Ha ein fin dag, og lukke til alle saman som har ei målsetting!
Uansett, så må då betre helse og sunnare autopilotval vera vel så stor målsetting

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!

Sist redigert av Konkelimonke : 23-06-11 kl 07:45. Årsak: skriveleif
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat