Vis enkelt innlegg
Gammel 16-02-11, 16:51   #203
Sunroad78
Medlem
 
Medlem siden: Jul 2010
Hvor: Larvik
Alder: 46
Innlegg: 298
Sunroad78 er på en erverdig vei

Sv: Dere som har gått ned mange kg, skriv deres slankehistorie her!

Har no lest heile tråden (alle 9 sidene) og er mektig imponert over det dokke har klart!!! Mi vekthistorie starta vel på ungdomsskulen (tidlig 90-tallet), eg trente handball 3 dagar i veka + kamp nesten kvar laurdag. Eg var ordentleg godt trent og hadde vore slank i heile min barndom (og var ein veldig aktiv unge), men starta likevel å legge på meg uønska kilo :s Etter ungdomsskulen gjekk eg eit år på folkehøgskule (friluft/idrettslinja) og var stort sett i aktivitet kvar einaste dag, men kiloane kom snikandes på. Min mor har vore jo-jo slanker i alle år (dei fleste i familia mi på mors- og fars side er store), men ho har alltid følgt dei "normale" kostråda som kjøttkaker, poteter og grønsaker, grovt brød og heimelaga pizza/brus/snop berre på laurdagar. Alikavel har både min mor og meg lagt på oss jamt og trutt.

Eg har hatt to store utfordringar i mitt 33 årige liv. Eg mista min far i 2001 og "kom ut av skapet" i 2002. Spesielt den siste utfordringa har nok vore veldig vektpregandes i ungdommen. I tillegg blei eg diagnotisert med PCOS og insulinresistent i 2003-2004, men dessverre ingen som informerte meg om at karbohydrater kunne vere greitt å unngå. Dette tok det 6-7 år for meg å finne ut.

Juli 2010 var eg 115 kg då eg fant ein artikkel i dagbladet om Hexeberg og sendte sporenstreks ein mail, fekk ein avtale i august (men innan den månaden hadde gått så hadde eg lest boka "Frisk med lavkarbo" og "Slank med ketolyse" av Torkil og ikkje minst fleire timar med lesing her inne på forumet og hadde gått ned 10 kg!! På 1 mnd!! På ketolysekuren!!!). Innan utgangen av oktober 2010 hadde eg gått ned 17 kg og var under 100 kg for første gong på mange år!!

Eg har dessverre hatt eit par månadar med dårleg kosthald (det er dessverre regulert av min spee psyke) og stress/mistrivsel på jobb og resultatet er opp 4 kg sidan november Heldigvis er psyken på vei til det "normale" igjen og eg har no kjøpt den nye boka til Hexeberg og følger slavisk hennes 4 vekes meny/oppskrifter og sidan måndag gått ned 600 gram Ligger på rundt 50 gr kh pr dag og fant ut i går kveld at eg er i ketose, fekk eit nydeleg rosa utslag på stickset og er meget fornøgd sjølv om ikkje det var målet mitt denne gongen

Dette er mi historie og det er omtrent fullversjonen

__________________
Min journal

Sist redigert av Sunroad78 : 16-02-11 kl 16:53. Årsak: Skrivefeilar...
Sunroad78 er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo - 50-100 gr kh pr dag Svar med sitat