Vis enkelt innlegg
Gammel 04-07-11, 09:33   #22
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Juliskravletråden 30+

Heime igjen etter ei flott helg i fjellet. Bryllupsfeiring 3 dagar til ende (nesten, hehe) og det i eit lchf paradis. Ekte mat! Rein mat. Lokal mat. Og lite karbo - berre ikkje ete brødet (enda så freistande det såg ut, eg smakte på ein liten bit av det delikate tunnbrødet, da. Angrar ikkje! Ei heller på eit glas temmeleg søt kvitvin.) Det einaste triste og tragiske var mangelen på fløte til kaffien, og eplenektar på frukostbordet.

No er det tilbake til kvardagen m rydding og vasking og eigen matlaging med billig svinekjøt frå Rema og FirstPrice kotelettar. Akk ja. Men eg må bli flinkare til å rydde tid til trening og fjellturar. Skal etter planen tilbake til Jotunheimen neste år, og min turkamerat har alt bestemt seg for at vi skal opp til toppen av Galdhøpiggen. Eg er så totalt ikkje der, enda... =pust=pes= Her trengs det mykje arbeid, ja.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat