Vis enkelt innlegg
Gammel 19-02-11, 19:15   #1
Devore
Juniormedlem
 
Medlem siden: Jan 2011
Innlegg: 17
Devore er på en erverdig vei

Ligger og vakar i startgropa...

Har gått til innkjøp av "Spis deg ned i vekt" og "GI-null", og har fått litt meir forståelse for korleis Skaldeman tenker. Og det fungerar sikert, men det er so mykje so "skurrar" i øyrene mine. Som å eta egg og bacon. Det gjere eg ofte, men sjølvsagt med brødskjever. Og det er jo fyfy! Men korleis kan det væra godt med egg og bacon uten brødskjever?

Men fyrst får eg kanskje presentara meg sjølv eg er ein mann på 38 år, som ragar 184 centimeter over bakken, og veg 120 kilo. Det som gjere at eg vege sopass mykje, trur eg nok har med cola og potetgull å gjera. Har lenge prøvd å kutta ut colaen, og hadde eg klart det, so trur eg nok at potetgullet hadde ordna seg sjølv. Har gått utan cola nokon veker, og vore flink, og so har eg fått i meg ein dråpe, og so har det vore hardkøyr att... Det er berre so ubeskrivelig godt, og eg klara ikkje å kutta det ut på "vanleg" vis. So eg har lurt på om eg skal prøva Skaldeman-"kuren".

Men før eg begynna, so må eg setta meg skikkeleg inn i det. Eg veit med meg sjølv, at om eg begynnar fyrst, og ikkje ser teikn på at det virkar, so kjem eg til å kutta ut. Det er med andre ord viktig at eg gjere det rett fra byrjinga av. So eg skal lesa meir i bøkene før eg sette i gang. Og no er det ikkje slik at eg kan legga all skuld på cola, for det blir og ein del "enkel og kjapp" mat. Som frosenpizza, og pommes frites og fleire av vennene deira. So når eg byrjar med Skaldemanen, so må eg passa på at eg har mat liggande so eg kan eta, so helde seg innanfor "krava". Eg jobbar skift, so det er ikkje alltid eg har ork eller lyst til å laga mat, og da er det viktig at eg har mat liggande i frysaren eller i kjøleskapet, so eg kan hiva innpå når det trengst. Viss eg ikkje har det, so er eg redd eg går tilbake til gamle synder. Har planar om å kjøpa "Sten Sture Skaldemans kokebok", og håpar at det der er nokon oppskrifter på mat ein kan laga i relativt store mengder, frysa ned, og ta opp når ein treng det. Treng og nistepakka til jobb, og den har fram til no stort sett bestått av brødskjever med ymse pålegg. Det eg egentlig seier, er at eg har behov for hjelp Eg har garantert mange sspørsmål som kan bli sett på som dumme og/eller idiotiske, men korleis skal eg ellers læra, viss eg ikkje spør?

Kan jo ta nokon allerede no... Det står litt om kjøttdeig i boka, og eg lurar på om karbonadedeig og kan brukast? Eller er det fyfy? Det er jo mindre fett i det enn kjøttdeig, so....?
Kva med grillmat? Grillmat er ein favoritt, og so lenge ein helde seg vekke fra det slemme tilbehøret, burde det vel væra greit? Kva med marinert kjøt? Går det bra? Finst jo ein del i ferskvaredisken so allerede er marinert. Er det greit å eta? E nok ein del so ristar på hove av detta, men eg har aldri påstått at eg er ein gourmetkokk

Og det viktigaste av alt, korleis reknar eg ut kor mykje fett, protein og karbohydrat eg har i meg? Må ha det på ein enkel måte, for ellers klarar eg det ikkje! Er det nokon kalkulator på nett so tek seg av detta? Korleis veit eg ellers kor mykje fett etc. som er i biffmiddagen eg ete?
Og er det nokon so har forslag til mat ein kan laga? Helst da i store mengder, so ein har liggande når ein treng det? Vil helst ha oppskrifter med eksakt innhald, og ein klar beskrivelse av korleis eg skal gå fram for å laga det. Ein "oppskrift for dummies" om du vil

Håpar nokon teke seg tid til å lesa og komma med nokon råd til meg, so skal eg begynna so snart eg føler meg klar.

På førehand takk!

Devore er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Skaldeman Svar med sitat