Vis enkelt innlegg
Gammel 22-07-14, 14:36   #5
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Passert 40 år og sliter med vekta ...

Veit ikkje om det er like varmt der du er, men får du i deg nok væske? Generelt sett er det viktig med nok av det, ein kjenner ikkje alltid skilnad på om ein er svolten eller tørst. Ein skal ikkje ete seg dønn dørgande stappmett, men komfortabelt mett. Det kan også ta litt tid for kroppen å omstille seg, at det tek tid før den forstår greia som skjer. Ved første augekast ser ikkje matmengdene så små ut. Men skal du køyre lchf må du få i deg nok feitt, i alle fall.

Har du tenkt på noko filosofi å fylgje, eller tenkjer du berre minst mogleg karbohydrat? Det er ikkje nødvendigvis eit mål i seg sjølv. Eg ser du også skriv lchf, slik som meg. Eg har halde på lenge med dette, og har funne noko som fungerer for meg, det treng ikkje nødvendigvis å fungere for deg. Det kan hende din kropp har det betre med meir karbohydrat. Ein lyt berre prøve seg fram, over tid, med dette.

Har du vore sjekka, om du har andre helseproblem? Eg spør fordi eg sjølv har lågt stoffskifte og pcos (++), og eg veit fleire som har det. Å gå ned i vekt, med uregulert lågt stoffskifte er ein vanvittig kamp...

To veker er forresten lite for å teste dette. Ikkje gi deg etter berre to veker, same kva.

Kjenner du forresten til "lavkarbo på 3 minutter"? Fin å ha på kjøleskapet!

Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat