Gateau Marcel gone lowcarb
Ganske så fornøgd med gårsdagens kjempegode sjokoladekake. Så etter mange års anonymt medlemskap her, tenker eg det er på tide å bidra litt...
Lavkarbo Gateau Marcel a la Marie:
Sjokoladeblanding:
150 g smør
150 g 86% sjokolade
25 g tagatesse
Smelt smøret. Smelt sjokoladen i smøret. Rør inn tagatesse og bland godt.
Eggedosis:
7 eggeplommer
50 g tagatesse
Visp godt til eggedosisen blir lys. Vend inn sjokoladeblandinga.
Marengs:
4 eggekvitar
25 g tagatesse
Visp eggekvitane til det blir kvitt. Tilsett litt og litt tagatesse, pisk vidare til det blir stivt og blankt.
Vend marengsen inn i sjokolade-/ eggedosisblandinga.
Kle ei 24 cm rund form med bakepapir i botnen. Hell 350g av røra i forma. Steik ved 160 gr. i ca. 20 min. Resten av røra (=sjokolademousse) settast i kjøleskap. Fordel sjokolademousse over kaka etter at den er avkjølt. Oppbevar kjølig. Skjer rundt kanten av forma med kniv for å løsne kaka, fjern papiret og sett kaka på fat. Pynt evt. med td. bringebær, eit lite dryss med finhakka mandlar/ nøtter, sukkerfri sjokolade, stemorsblomster eller noko anna du synes passar. Tippar det også vil passe fint å sette smak på røra med litt chilipulver om ein har sansen for det.
Nyt!! :-)
Sist redigert av Salsa : 07-05-17 kl 12:08.
|