Vis enkelt innlegg
Gammel 06-02-11, 13:37   #2
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Hvordan går det med oss nå da??

Hei!

Her går det så som så. Frå i morgon av skal eg oppdatera tråden min og ta meg kraftig isaman. Kjenner det ikkje er noko særleg å vera 100% sjukemeld og ha kort veg til kjøleskapet. Men i morgon byrjar eg i 60% jobb att, så då må eg skjerpa meg. Ligg no og vippar på 3kg+ og er snart 16veker... Så fokus framover vert lavkarbo og førebyggande gravidtrening

Eg kjenner eg vert litt deppa over den voksande magen av den grunn at eg har bruka 4 år på å få førre gravidmage vekk... Men no skal eg snu litt på flisa og fokusera på å halda kroppen i form, ikkje legga på meg 35kg slik som sist og styrka kroppen slik at eg slepp å verta deppa over at rumpeballane eser... Haha!

Men eg kjenner det er vanskeleg å halda seg unna yoghurten og frukostblandingane.... Men, eg skal nok klara det

Du har vel kanskje ikkje så lenge att du no? Spanande!

Og ja, eg er einig i at det er litt stille her inne på gravidsida.... Me får halda liv her me då

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat