Vis enkelt innlegg
Gammel 09-08-11, 11:40   #103
Aud Jorun
Juniormedlem
 
Aud Jorun sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2011
Alder: 65
Innlegg: 22
Aud Jorun er en ukjent kvalitet ved dette stadiet

Sv: Easy Life start 25. januar

Hei.
Eg er ny her på forumet og les masse for å finne ut kva eg skal gjere framover.
Eg begynte på EasyLife pulverkuren for 1 veke sidan, fordi eg trudde det var lavkarbo. Eg fekk pulver fra ei veninne som har hoppa av, så eg går ikkje kurset. Eg har pulver til 3 veker.
Ei og ei halv veke før eg starta på EasyLife brukte eg Nutrilett sine smoothie som heiter Hunger Control. Eg tok da av 3 kg. Eg har teke av 2 kg denne veka med E.L.
Etter å ha lest deler av denne tråden er eg litt oppgitt over heile EasyLife-kuren. Den inneheld over 50 karbar pr dag. Og det må jo vere for mykje til å komme i ketose.
Men enn så lenge, eg går ned i vekt og da er eg for så vidt fornøgd. Så får eg lese meg meir opp på mat som eg kan lage for å gå vidare med det når eg har brukt opp pulveret.
Dette er eit kjempeforum med masse gode oppskrifter, meiningar og erfaringar. Eg gleder meg til å ta fatt på oppskriftdelen og finne mat som passar meg.

__________________


Aud Jorun er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Ketose Svar med sitat