Sv: Gjør deg bikiniklar med Drevon
Kyllinglever er veldig godt, men nesten ingen butikkar her har det i frysedisken. Oksetunge er også veldig godt, det hadde vi iblant til jul heime. Men ein ser jo aldri det til salgs når det ikkje er juletider.
Blodpudding har eg aldri likt noko særleg. Ikkje lever heller. Eg skulle ønske eg gjorde det, for det er jo så næringsrikt og billig. Men eg skal prøve med andre sortar lever enn den vanlege storfelevra, det er jo ulik smak på dei. Lammelever til dømes, kunne vore interessant å smake.
Margbein er jo skikkeleg snask, mmmm. Må prøve å koke meg noko god kraft ein dag, ferdigkjøpt buljong er jo full av dritt. Hjerne vegrar eg meg litt mot, tenker på sjukdomar og greier. Nyrer smaker tiss. Sorry, men det gjer det. Heilt avskyeleg. Eg var så glad da mor mi slutta å lage nyrer til mat ein gong i barndomen, det har eg ingen lyst til å ete igjen.
__________________
|