Vis enkelt innlegg
Gammel 26-09-12, 11:18   #46
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Oida - Jaquesson igjen

Det er ikkje nødvendigvis galt å påpeike inntak/forbruk. Men det blir ofte gjort ukritisk og utan respekt for dei individuelle skilnadane, og alle faktorane som spelar inn. For reknestykket er ikkje alltid kun a+b=c eller a-b=c ...

Det største problemet der oppstår når ein ikkje klarer å sjå kva det er som påverkar kroppens evne til å lagre og forbrenne - eller i det heile tatt at det er slike faktorar inne i bildet i det heile tatt... Det er ikkje kun å sette maskineriet i gang, og så snurrar evighetsmaskina fint heilt til vi døyr.

Eg blir oppgitt både av Kari Jaquesson og Jørgen Foss, eg. Dei har begge veldig, veldig enkle løysingar. Og kvart sitt ekstreme standpunkt. For Kari Jaquesson er alle feite late matmisbrukarar som må slutte å proppe seg med sjokkis og kome seg opp av sofaen. For Jørgen Foss er overvekt andres ansvar, og myndighetene har ikkje tatt tak i problemet nok med forskning og tiltak, og dei tiltaka dei faktisk gjennomfører er elendige. Ingen av desse er tilstrekkelege verken som forklaring eller som løysing.

Har Kari noko rett i at ein må ta ansvar for eige matinntak? Ja naturlegvis. Det er mykje matmisbruk. Men det er også mange grunner til det, ikkje kun "å slukke sine sorger i eit wienerbrød". Sukkeret er eit kraftig rusmiddel, og eit vi vart tilvend frå var små (i alle fall dei av oss som er på min alder og yngre). Vi har ein heil generasjon avhengige i vesten no. Som er proppa fulle av syntetisk sukkerhaldig mat.

Har Jørgen rett i at nøkkelhullsmerking av Grandiosa kanskje ikkje er det beste folkehelsetiltaket når det gjeld ernæring? Eg meiner så absolutt det. Det tar ikkje ondet ved rota å seie at Grandiosa er "sunnare" enn Big One !! Ein yoghurt lagd på laboratorieforandra mjølk fyld med med laboratorieframstilt smak og konsistens blir ikkje sunn bare fordi det er påtrykt eit nøkkelhol etter at det naturlege fettet er fjerna.

Men haldningane ein går rundt med og ikkje minst måten dei kjem til uttrykk er tildels absolutt forkastelege.

Og det er no mi meining.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat