Sv: Hjelp jeg er ny her inne og vet ikke hvor jeg skal begynne
Lavkarbo er ikkje berre egg og bacon, eller egg generelt i ørten fasongar, sjølv om egg er glimrande til mange ting, og veldig enkelt og greit å ete. Eg et gjerne middagsrestar, veldig greit å ta med på jobb til lunsj til dømes, så sant du har kjøleskap og mikro tilgjengeleg der. Frukost kan vere så mangt, har du prøvd å skjere skiver squash, ha på majones og pålegg, og ete som "brødblings"? Søk eventuelt opp Nannahs knekkebrød her inne, dei er gode, og enkle å lage. Salatar av forskjellig slag, feta, oliven, skinke, cottage cheese, rømme, paprika, berre fantasien som set grensene eigentleg.
|