Sv: Stillestand!
Slapp av. Kroppen er inga maskin, du kan ikkje diktere den til å gjere det hovudet ditt vil. Som jankph seier er det altfor tidleg å snakke om noko stillstand. Ketose er ikkje "er lik" vektnedgang, nødvendigvis. Dessutan samlar ein somme tider meir vatn enn andre gongar, vi kvinnfolk har til dømes syklusar som bestemmer litt i forhold til vassvekt.
Kan eg spørje kor mykje du skal ned? Det går ofte tregare om du ikkje har "SÅ" mykje som skal vekk ... Som sagt, slapp av! Gjer det du gjer med maten, drikk nok vatn, sørg for litt dagleg mosjon, og slutt å stresse.
|