Vis enkelt innlegg
Gammel 30-09-11, 12:28   #1
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

For ei jæ*** natt! Nokon som har opplevd noko liknande?

No skal det fyrst seiast at eg har IKKJE vore flink i det siste, men i går gjekk eg til krig! Så, eg var superflonk, MEN fekk nok i meg litt lite karbisar, ca 15g karbs i går... Åt masse god mat, men alt var av lågaste karbinnhaldsort...

Så, i natt, vakna eg av at eg var så forferdeleg varm! Eg visste ikkje heilt kvar eg skulle gjera av meg, fy flate! Og eg var litt "nummen" i helie kroppen... Men jaffal - var varmen som var verst- kjentest som om eg skulle ta fyr! Eg stabba meg ned på kjøkkenet og tok eit glas cola med sukker... La meg på sofaen og kjende eg vart betre, men SÅ byrja eg frysa noko enormt! (kom sikkert av at eg var dyvåt og huden var iskald til tross for at eg var så varm...)... Sit franmleis med litt frost i meg, men byrjar koma seg...

Kan det ha noko med at kroppen har jobba på spreng med å produsera mjølk? At det vart for brå overgang frå høgkarbo, til veldig lite? Ja, eg veit det var alt for lite på ein dag sia eg fullammar poden på 2månader - og han krev myyyykje mjølk...

Det var i alle fall kjempe ekkelt, og eg føler meg litt på halv 8 i dag...

Nokon som har opplevd liknande?
Nesten som om eg ikkje tørr eta lavkarbo akkurat no når eg fullammar....... Offf.......

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat