Sv: Passert 40 år og sliter med vekta ...
Men i all verda ... Eg trur faktisk du meiner det vel, Carisma, men tonen i innlegget var fullstendig unødvendig. Eg er samd med deg om at det er lurt å lese seg opp, men ein stad må ein starte, og det har TS gjort ved å melde seg inn her, og starte på denne tråden. La oss heller dele av det vi kan, enn å belære folk. Vi snakkar og deler ofte av eigne erfaringar, og det er ikkje nødvendigvis den absolutte sanning - om det gir meining.
Til deg Fitforfight73, eg synest du er på god veg, eg! Det gjer inntrykk å lese om korleis de har hatt det, forferdeleg tøft og vondt ... Det du skriv seier eigentleg litt om kor motivert du er, for eg synest faktisk du er det. Way to go! Eg vil gjerne ha deg med!
|