Sv: Spørsmål om ketolyse, HJELP MEG :(
Ikkje stress med avføringa, det går seg til etter kvart. Eg kvittar meg med mindre slagg når eg et lavkarbo enn når eg et "vanleg" i alle fall - mogleg ein nyttar seg meir av næringsstoffa og at det rett og slett er mindre avfall..?
Treng du mellommåltidet med ost etter ein slik frukost? Bra frukost som mettar godt (vil eg tru), men ville lagt til litt tomat, paprika eller noko.
Ei tunfiskboks (i olje eller vatn?) til lunsj ville eg ikkje blitt mett av. Legg til litt grønt, og kanskje den mellommåltidsosten og litt anna feitt, majones, eller den andre halva av avocadoen.
Poenget med ketolyse er ikkje å ete minst mogleg karbohydrat, ein er ikkje flinkare dess mindre karbohydrat ein et, om du forstår kva eg meiner. Ketolyse snakkar vel om 15-20kh per dag, hovudsakleg frå grønsaker.
Kjenner du til Lavkarbo på tre minutter? Fin å henge på kjøleskapet!
|