Vis enkelt innlegg
Gammel 17-02-10, 14:54   #31
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Synes dere virkelig det er godt?

Opprinnelig lagt inn av Photobscura, her.

.... for meg er det himmel å kunne spise middag hele dagen.

Hehe, slik tenker eg også! Eg trivast kjempegodt med denne maten generelt. Eg et gjerne restar frå middagen dagen før til frukost.

Eg trur at cluet ofte er å variere, og ikkje vere redd for å teste ut nye ingrediensar og krydder, om ein så bommar litt med smakar innimellom, så lærer ein av det.
Tja, det er vel ikkje alle erstatningsprodukta som er like gode, men det finnast jo så mykje anna godt som kan kombinerast, så om ein kan få hovudet litt bort frå at alt skal "smake det same som før, men vere lavkarbo" så er ein del gjort. Ein må tore å prøve nytt!
Til dømes så vart første forsøk med lavkarbovafler med oppskrift eg fann her inne var ein total flopp! Dei smakte godt, men det vart jo berre rot! Eg var SÅ gira på å lage, og eg vart ganske skuffa.. Det vart berre full flyt utover, og ein vulkan av røre og fett utover. Men eg har lært av det, eg har greidd å kombinere meg fram til ei vaffelrøre som fungerer for meg, og som sambuar også synes er kjempegod! Men ein må våge (og gidde!) å bruke litt tid på det, og prøve.

Eggeplommen forandrar fargen etter kva dei blir fora med, ja. Hugsar frå eg var jentunge at vi fekk egg frå ein slektning, og det var frå høner som gjekk mykje ute, og åt mykje gras. Plommen var kjempeoransje! Og gode var dei!

Av og til saknar eg ferskt brød, det skal eg innrømme. Men ikkje konstant, kvar dag, liksom. Men eg tenker som så at eg skal leve lavkarbo resten av livet, generelt.. Så då er det lov å skeie ut litt av og til, ved spesielle anledningar.

Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat