Vis enkelt innlegg
Gammel 12-07-08, 18:21   #1
Binnemamma
Nytt Medlem
 
Medlem siden: Nov 2007
Innlegg: 7
Binnemamma er på en erverdig vei

Vår erfaring med lavkarbo til barn

Ei stund sidan eg var inne på forumet sist; ser ut til at dette underforumet er nytt Legg derfor ut ein liten tråd her.

Vi har ei jente på 4 år som like før 3-års bursdagen fekk diabetes (ikkje kostholdsrelatert), og vi fekk også i månadene etter påvist at ho har cøliaki.

I første omgang la vi om kosten til meir fiber-rik mat; grovare brød, grov pasta etc. slik at blodsukkeret skulle bli lettare å kontrollere. Når vi også fekk cøliaki-diagnosen var det på tide å tenke heilt nytt. Spesialmat for cøliakerar er veldig fiberfattig og ikkje heldig for blodsukkeret. Med andre ord; ein kombinasjon av to kroniske sjukdommmar som gir ei ekstra utfordring kostholdsmessig. Diabetesforbundet sine råd om brød som sentral del av kostholdet blei rett og slett paradoksal. Dette hadde ikkje jentungen godt av.

Søkte ein del på nettet og fann bl.a dette forumet Det hjalp oss i gang med å tenke nytt. Søkte også råd hos ernæringsfolk ved sjukehuset, og fekk avklart at sjølv om denne måten å tenke mat på ikkje var den som offentlige myndigheter gjekk inn for, så var det i utgangspunktet ikkje skadelig med å tenke lav-karbo for barn.

Så det har vi gjort, men med måte. Det daglege kostholdet hennar inneheld mykje frukt og grønt i tillegg skinkebitar, bacon, kokt egg / omelett, bønner og, joda, tilbehør av ei skive glutenfritt brød, litt glutenfri pasta o.a. Vi kjører med andre ord ikkje eit fullt opplegg med lav-karbo, men har dreid heile familien sitt kosthold meir mot grønsaker og protein enn det som var tilfelle før. Dei små steikte baguettene som vi før gjerne hadde som tilbehør til middag er "gonners"

Vi har veldig tru på å ikkje vere ekstrem på hverken den eine eller andre måten. Her har vi lørdagssnop og kaker i selskap; nå om sommaren blir det ekstra med is på varme dagar. Eg vil ho skal ha matglede og føle at ho ikkje blei fratatt mat eller spesielt kontrollert. Eg trur mange vil tru at ein diabetiker med cøliaki vil føle seg fratatt halve butikken , men eg trur faktisk at ho føler veldig frihet til å velge. Ho elskar cherrytomater, agurk og ostebitar, og dette forsyner ho seg av heile dagen. Ho har insulinpumpe som fungerer heilt suverent når der er ekstra inntak av karbohydrat. Det er i det daglege vi ser at ho (og oss alle) har godt av å vri maten mot lite karbo. Langt jevnare blodsukkermål, langt lettare å forutseie verdiane, og færre følingar (lågt blodsukker).

Matbudsjettet er høgt. Vi handlar det vi vil ha, fråtsar i jorbær utan å tenke pris, og er uendelig takknemmelig for å bu i Norge der vi får støtte til ekstra utgifter i forhold til kostholdet hennar.

Det var litt om oss, er berre å spørre om nokon lurer på maten vi et

Binnemamma er avlogget   Min kostholdsfilosofi: lavkarbo light Svar med sitat