Sv: Passert 40 år og sliter med vekta ...
Sjå på det som ei investering, i di eiga helse! Investeringar brukar å koste litt, det gjeld også her. Men det er verdt det, in the long run!
Har også oppdaga det som jankph snakkar om, at magen kan vere tom, uten at det gjer noko, eg føler meg bra. Blodsukkeret er stabilt, eg et når eg er svolten, ikkje når klokka seier det er på tide med mat.
Velg nakkekotelettar i staden for svinekotelettar, tygg brie, steik i smør, ha eit godt lag med smør på skiva, ta tran eller anna sunn olje, lag eggesalat med majones, et avocado. (Lunsj på jobb for meg kan vere nakkekotelettrestar i mikroen, mosa avocado med kvitløkssalt, salt, pepar og litt sitron og ein tomat.)
Eg forstår du blir mismodig, men ein lyt berre gå på med dødsforakt. Lavkarbo er ingen quick fix dessverre, men kroppen kjem til å takke deg, etter kvart.
|