Sv: Irritert!!!
Eg traff mamma seinast første helga i juli, då hadde ho ikkje sett meg sidan jul (eg bur jo i utlandet). Og ho utbraut: Kor du har smalna!! Kor flink du har vore! (og eg ser det jo ikkje sjølv, vektmessig er det kanskje 3kg skilnad sidan jul. Men det er jo tydeleg at noko har skjedd )
Godt du har eit godt forhold til henne elles da. Men eg greier ikkje heilt å svelge akkurat dette altså. Har du prøvd å seie frå til henne at det sårar deg?
|