Nokon som har erfaring med perioral dermatitt?
Har fått påvisst dette av hudlege og går no på tetracyklin. Har blitt veldig bra i huden etter eg byrja på den kuren, men i helga var me på stølstur og eg har ete mat med kveitemjøl (et litt av det til vanleg og, men i liten mengde), sukker og smågodt som sjølvsagt inneheld e-stoff -i tillegg til sukker. Og i dag kom eksemet tilbake Det svir og klør og gjer meg veldig irritabel.
Prøvd å søke på nettet, men finn ingen nettsider som gir meg info om sammenheng her, og hudlegen påstår at kosthold ikkje har noko å sei.
Etter eg byrja på kuren, har eg og vore flink med kosthaldet, og unngått sukker og halde mengden av kveitemjøl nede -ja bortsett frå no i helga då...
Nokon som har erfaring å dele om dette? Kan kveitemjøl, sukker eller e-stoff ha noko å seie, eller er det berre tilfeldigheter?
__________________
|