Vis enkelt innlegg
Gammel 03-07-13, 18:11   #2
camryn
Medlem
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Kringsatt av fiender
Innlegg: 312
camryn er ny på veien

Sv: Enda et innlegg om metthet/sult og kaloribehov...

Du høyrest ut som meg. Så om du er meg, så ja, då et du for mykje.

Eg er høgre og tyngre, men ellers temmelig likt. Et til du er passe mett fungerer ikkje for meg, for "passe mett" har ein heilt annan definisjon hjå meg enn andre, tydeligvis.

Det tok meg to år utan vektnedgang, der eg i staden gikk 10 kg opp att (gjekk ned masse før det altså.. ), før eg virkelig byrja sjå på -mengde- mat. Eg talte kaloriar ei stund, kun for å gi meg sjølv litt oversikt, men har slutta med det igjen fordi det var så kjedelig. Fører periodevis inn kva eg har ete i ShapeUp (app), men det er mest for å ha ei oversikt over kva som ser passe ut for meg i forhold til mengde og vektnedgang.

Det som til dels har fungert, er å finne ut kva eg blir "fornøgd ikkje-lenger-svolten" av og prøve å halde meg til den type mat. Tre hardkokte egg pluss ein tomat og litt majones for eksempel, er ein grei frukost for meg, og ikkje for mykje. Dersom eg i staden lagar egg og bacon kan eg lett hive innpå 200gram bacon steikt i smør pluss 4-6 speilegg, og då blir eg "passe mett", så eg prøver å lage til litt mindre i utgangspunktet, fordi ellers et eg for mykje.
Har og forsøkt f.eks å ete ein boks kesam til frukost, men det er ikkje nok og eg blir temmelig svolten att etter ein times tid eller så.

Makeupscience: Magen min har plass til meir mat enn "normalen", og hjernen er ikkje fornøgd før det er fullt.

__________________

camryn er avlogget   Min kostholdsfilosofi: lchf Svar med sitat