Kjøpa bunad!
Hei
Er ein student på 22 år. Eg har lenge vurdert å gå til anskaffing av bunad, sunnhordlands herrebunad.
Dette kostar sjølvsagt ein del pengar, difor har eg vurdert å gå til den velkjente strategien å ønska meg nye delar gradvis. Slik at eg omsider får ein komplett bunad.
Men eg veit ikkje heilt kor eg skal starta. Tenkte det var greit å få ut ei lita 'gaveliste' til jul, men skulle gjerne hatt ein oversikt over kva ein trenger.
Så mitt spørsmål er, veit nokon kva eg må skaffa, eventuelt kor eg kan få tak i ein slik oversikt? ville vore veldig takknemleg
__________________
|