arnev
08-12-08, 23:36
Pga av skade i nakken var eg ute av trening ein periode og la på meg ein del. Etter å ha brukt eit halv år med knallhard disiplin på å gå frå 84 til 80 kg, bestemte eg på å prøve lavkarbo. Det var ein åpenbaring for meg: Ikkje berre gjekk vekta fort ned til 76, men eg fekk ein mykje betre fysisk prestasjonsevne og følte eg kunne trene så mykje eg berre ville. (Trente i denne perioden ca 10 timar kondisjon i veka.) Fungerte også supert på lesesalen (studerer matematikk). I 7 veker hadde eg inntak på ca 100 g karbohydratar om dagen.
Men ein dag vakna eg opp og var kjempesliten. Slutta med lavkarbo, men det hjalp ikkje. Etter kvart som tida gjekk, fekk eg diagnose kronisk utmattelsessyndrom. I sommar vart eg frisk igjen, men iløpet av perioden hadde eg gått opp til 95 kg. Det var også vanskeleg å kome tilbake som student, så i oktober bestemte eg meg for å prøve lavkarbodiett igjen. Fekk som sist ein fantastisk energi, og studiene gjekk lett. Treninga som også hadde butta imot i september, gjekk supert, og eg følte meg tilbake igjen. I denne perioden har eg hatt eit karbohydratinntak på under 30 g for dagen, men har hatt ein karbodag i veka der eg har inntatt ca 300 g karbohydratar. Har gått frå 95 til 87 kg i haust og er 182 cm.
For ei veke sidan vakna eg opp og var forferdeleg sliten på same måte som sist. Gjekk umiddelbart over på tradisjonelt norsk koshald, og er no frisk igjen.
Det eg lurer på er om det er lavkarbokosthaldet som kan gjere at eg blir heilt utmatta, eller om det berre er tilfeldig? Føler meg som sagt fantastisk på lavkarbo, men har gått på to smellar. Tenker at eg kanskje har for høgt karboinntak, men eg føler meg fin og trenar mykje. Har tenkt å diskutere det med fastlegen min, men legestanden i Noreg er jo som kjent skeptisk til lavkarbo. Forøvrig har eg berre gode ord å seie om faslegen min, som er ein ressurs på M.E. i Noreg.
Er det nokon som har erfaring med lavkarbo, trening og sjukdom/M.E.?
Helsing Arne