Lavkarbo.no :: Karbojunkie

Lavkarbo.no :: Karbojunkie (http://forum.lavkarbo.no/index.php)
-   Middag (http://forum.lavkarbo.no/forumdisplay.php?f=120)
-   -   Asiatisk kyllingsuppe med kokosmjølk! (http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=42554)

Jannik16 01-04-11 19:02

Asiatisk kyllingsuppe med kokosmjølk!
 
Med bilder:

http://jannikej.blogg.no/?c=1301677202

:)


ASIATISK KYLLINGSUPPE MED KOKOSMJØLK!
500 g kyllingfilet.
1 ss olje.
2 ss raud karripasta.
3 kvitlauksfedd.
2 ts revet frisk ingefær.
1 boks kokosmjølk.
2 grønnsaksbuljongar utblanda i 8 dl kokande vatn.
1 ss natreen.
saft frå 1 lime.
3 ss østersaus.
1 bunt vårlauk.
litt frisk ananas (denne kan du velge å droppe sidan det ikkje er heilt lavkarbovennleg, men den gjev ein utruleg god smak so eg hadde litt oppi).
Skjær kyllingkjøttet i tynne strimlar.
Varm ei gryte med olje og fres karripastaen raskt.
Tilsett kyllingstrimlane, pressa kvitlauk og ingefær, og fres vidare i 2 minutt. .
Tilsett kokosmjølk og buljong, og kok opp suppa.
Sku ned varmen og la suppa småkoke i 10 minutt.
Smak til med natreen, limesaft og østersaus (eg brukte so mykje som står i oppskrifta), og la den småkoke litt til.
Rens vårlauken og skjær den i skiver på skrå.
Rens ananasen og skjær den i munnfulle store terningar.
Bland vårlauk og ananas i suppa, og la dei trekkje eit øyeblikk slik at dei vert varme.

arnakristin 01-04-11 21:40

Sv: Asiatisk kyllingsuppe med kokosmjølk!
 
Vil bare minne alle suppe-elskere om Suppetråden hvor jeg nå også har lagt til linken til denne suppeoppskriften.


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 17:05.

Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no