Lavkarbo.no :: Karbojunkie

Lavkarbo.no :: Karbojunkie (http://forum.lavkarbo.no/index.php)
-   Middag (http://forum.lavkarbo.no/forumdisplay.php?f=120)
-   -   Bouillom malgache! (http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=44212)

Jannik16 19-05-11 17:19

Bouillom malgache!
 
Med bilder:

BOUILLON MALGACHE!

- Biffsuppe med salat og vannkastanjar!


Ein gammal, ærverdig rett frå Mauritius!
Ingrediensar

  • 500 g biffstrimlar.
  • Salt og pepar.
  • Olje.
  • 1 lauk , finhakka
  • 4 kvitaluksfedd, finhakka.
  • 1 ss finhakka frisk ingefær
  • 400 g hakka hermetiske tomatar med kvitlauk.
  • 3 grønnsaksbuljongar utblanda 1 l kokande vatn.
  • 130 g vannkastanjar (litt fyfy, men ikkje særleg karbo i denne retten ellers so).
  • 6 blad isbergsalat

Slik gjere du:

Krydre kjøttet. Sett det til side.
Steik lauken i ein kjele i olje. Ha i kvitlauk og ingefær. La det steike til lauken er blank.
Tilsett tomatane. Rør godt og la det koke i 20 minutt. Smak til med salt og pepar.
Tilsett buljong. Legg over lokk og la det koke i nye 20 minutt.
Ha i kjøttet og la det koke i 15 minutt.
Vask salatblada og kutt i strimlar. Del vannkastanjane i tynne skiver.
Legg salaten og vannkastanjane i ein suppebolle og aus over suppa.
La det "kvile" i 5 minutt før servering.


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 16:25.

Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no