Sv: Min tredje dag på lavkarbo
Hei og velkommen!
Anbefalar først og fremst å lese Arnakristin sin tråd for nybyrjarar, den er full av god informasjon. Det er jo ein liten jungel der ute når ein er ny med lavkarbo, så det er ganske viktig å lese seg opp og lære kva ein driv med. Inne i tråden finn du også "lavkarbo på 3 minutter" som er fin å skrive ut og henge på kjøleskapet til dømes.
Ikkje for å vere ufin, men 3 dagar på lavkarbo er ingenting. Kroppen må få lov til å bruke litt tid på å omstille seg til nytt kosthald. Det er ein god ide å bestemme seg for ein dag i veka for veging, og blåse i vekta resten av veka, for å ikkje bli overopphengt i akkurat vekta. Det er lett å sjå seg blind på akkurat det. Ta fram målebandet og sjekk cm no når du byrjar, så veit du utgangspunktet. Ein kan gå ned i cm sjølv om ein står fast på vekta.
Det er også lurt å lese seg opp på dei forskjellige lavkarbofilosofiane, og velge ein av dei. Når ein er ny så er det lettare om ein har ein filosofi å halde seg til og følge.
Lykke til!
|