Sv: Hyttetur
Hei.
Eg var nettopp på hyttetur med 12 andre.
Vi planla taco en kveld, for det må vere det lettaste måltidet å tilpasse alle.
Eg laga osteskjell heime (for eg viste at der ikkje var mikro på hytta) ingen problem å frakte i ei boks.
Ellers hadde eg med meg lavkarbobrød, cremefraiche og heimelaga bringebærsyltetøy.
Og ei boks med frokostblanding: hakka paranøtter, linfrø, valnøtter og solsikkekjerner.
Kjøttpålegg, majones og anna pålegg spiser eg jo det samme som alle andre 
Vi hadde berre to overnattingar, so det vart berre en middag å planlegge.
No viste alle dei andre kas mat eg spiser, men trur egentlig ingen likevel tenkte over at eg spiste noke anneledes.
Om pølse er alternativet, finner du kanskje en variant som har lite karber, eller spiser dei pølsene dei andre spiser den dagen.
So kan du ta salat og dressing til, isteden for potetmos.
Kyllingfilet (kan fint steikes i terninger før du reiser) med salat og dressing til er ett alternativ.
Som ett innimellommåltid for meg funkar det fint med ei halv boks Creme fraiche med litt nøtteblanding og en dæsj heimelaga syltetøy.
Det er godt og mettar lenge 
Lykke til.
|