Sv: Kan ting bli veldig feil ?
For det første, kunnskap er makt. Les deg opp om ting så står du mykje sterkare og stødigare. Ta til dømes utgangspunkt i Lavkarbo på 3 minutter. (Nybyrjartråden her på forumet er også veldig informativ, så sjekk ut den også. Men der er MYKJE info samla på ein stad, derfor anbefalar eg å byrje med den første eg nemnde.)
Det første eg lurer på, kvifor i all verda byttar du ut potetene med egg og bacon? Det går då heilt fint å berre kutte potetene og ete ei anna form for grønsaker i staden? Det KAN faktisk bli for mykje protein også, og "rein" proteindiett er i lengda ikkje bra. Om du manglar inspirasjon til å lage variert mat, så finn du mykje info her inne, og det finst plenty bra matbloggar der ute.
Eit sunt kosthald baserer seg generelt på eit balansert kosthald, også innanfor lavkarbo. Berre kjøt og protein og lavkarbobrød høyrest ikkje så veldig balansert ut, må eg seie... Det er jo ikkje noko hokuspokus å leve lavkarbo, ein MÅ ikkje bade i feitt, det er ikkje det som er poenget. Men ein skal ikkje ha feittangst heller! Balanse, som sagt. 
Kroppen treng energi, og når ein kuttar karbohydrata må ein få energi frå ein annan stad, derfor er feittet nødvendig. Karbohydratfattig OG feittfattig kost samtidig er ikkje noko å gå for. Ikkje bra. Lavkarbo kan vere så mangt, frå ketolyse og Skaldeman som går for ketogent og veldig strengt med kh, og Fedon til dømes som er mindre streng med kh (og som baserer seg på mat med lav GI) men er meir streng på feittet.
Du seier du ikkje vil måtte halde deg til nokon "diett", men kjøt, egg og bacon og brød høyrest då ganske kjedeleg og "diettaktig" ut om du forstår kva eg meiner? Går det i det same heile tida, så blir du lei mykje raskare. Derfor er det også viktig å ete variert.
Forstår ikkje heilt poenget ditt med "dette siste hysteriske". "Vi" (altså dei som har ete lavkarbo ei stund) har visst om dette lenge, så for oss er det ikkje noko nyhende, akkurat, at dette fungerer. Men det er skrive mykje om det i det siste, for endeleg har vel media oppdaga at det ligg pengar i det, og då vaknar dei! Og JA, eg synest det har blitt ganske mykje vis-vas og info som er heilt på bærtur i media siste tida, men også derfor der det så viktig å tileigne seg kunnskap og vite kva ein driv med!
Hadde du ville ha køyrt bil utan sertifikat og med bind for augene...? 
|