Mmmmm, en skikkelig god saus til steikt kylling
Har tenkt ei stund på jevning til sausa. Eggeplomme, JBK, fiberhusk.... men eg er ikkje heilt fornøgde med dei...
Siste dagane har eg tenkt litt annerledes, og i dag har eg prøvd

Og det var både godt og smart det.
Eg kokte og 'mosa sellerirot. Enkel og ganske smaksnøytral jevning til saus.
Denne sausen vart litt lik Bretagne kyllingsaus, og det var nettopp den eg hadde i tankane i dag.
Oppskrift:
100 g sellerirot i terningar
2,5-3 dl buljong eller kraft
2 fedd kvitløk (passa til denne sausen)
2-2,5 dl fløte
ca 75 g paprika kutta i små bitar
1 ts tomatpure
salt, pepper og paprikapulver
Kok sellerirot (og kvitløk) mørt i buljongen, ca 15 minutt.
Mos det med stavmikser.
Ha så oppi fløte og tomatpure og paprikabitane. Lat det putre ett par minutt. Smak deg til med krydder.
Knallgod saus til steikt kylling og steikte/woka grønsaker (blomkål/brokkoli fikk ett oppkok i vatn først).
Mmmmm, en aldeles nydelig saus. Velbekomme
Mosa sellerirot som sausjevner vil eg prøve til mange fleire sausar.