Sult, mosjon
Hei, alle
Eg har i alle år vore lite oppteken av kosthald, meir oppteken av god mat (eg likar god mat). I yngre år gjekk eg mykje på ski og sykla lange distansar. Så hadde eg ein mellomperiode der eg levde på kaffi og tobakk, før eg stifta familie og fekk meir enn nok med arbeid og familie. Og så byrja kiloane å renna på.
Kona byrja for eit par år sidan å interessera seg for lågkarbodiett, kjøpte bok av Fedon Lindberg m.m. Eg følgde halvvegs med, kutta ned braudforbruket - men elles ikkje stort. For eit halvt år sidan oppdaga eg til mi forskrekking at eg hadde passert 120 kilo. På tide å gjera noko!
Og dimed la eg heilt om kosthald. Eg sløyfa alle måltid utanom middag - til frukost heldt eg meg til ein tomat og ein kopp te. Derimot åt eg meg mett på kjøt/fisk og eigna grønsaker til middag. Ikkje brød, ikkje potet, ikkje sukker - men ost, kjøt, blomkål, bønner, god fisk og liknande.
Dette er no tredve kilo sidan.
Mi erfaring så langt er at dette går greitt, at det var verre å slutta å røykja, og at eg har meir energi og overskot. Men det "går ikkje av seg sjølv" - ein må styra kosthald og dagsplan ut frå målet om å gå ned i vekt.
Første veka hadde eg sukkerabstinens - men dette gjekk fort over. Det eg derimot merkar er at eg i perioder eg går ned i vekt blir rastlaus uroleg - og det er då det lett blir til at ein "snokar rundt i skåpet" og smået. Mi erfaring er at mosjon her er nøkkelen. Ikkje til å motverka næringsinntak - men svolt. Ein joggetur er svært matlystdempande. Jogg ein halvtime/time, drikk deg utyrst - og du blir roleg i kroppen og mett!
Er det andre som har røynsle med mosjon for å dempa matlyst?
Og så den andre røynsla: At svolten kjem først når ein et. Joda, eg et ein tomat til frukost. Men elles drikk eg anten vatn, kaffe med mjølk eller te - og eg blir ikkje svolten av dette. Om eg derimot et litt - eit stykke ost eller eit eple - blir eg svolten. For min del har eg funne ut at eg får nok mat med berre middag - og eg et meg mett når eg først et. I helga et eg gjerne eit egg med smør eller røykelaks for å vera med på frukostkosen saman med resten av familien - men når eg ikkje har sosiale plikter, er det liksågodt å sløyfa frukost.
Finst det fornuftige argument mot å eta berre ein gong for dag?
|