Redusere matinntaket over tid når en går ned mykje
Store kroppar treng meir energi enn små kroppar. Det verkar vel for så vidt logisk nok. Og når vi blir mindre, så blir energibehovet mindre også. MEN kor skal det stoppe hen. Veit ikkje om de las artikkelen på dagbladet på nett forleden Vi kjøper slankeprodukter som aldri før - eg siterer frå "faktaruta" til høgre:
Sitat:
Jøran Hjelmesæth ved Senter for sykelig overvekt (...) råder de som går ned i vekt raskt, for eksempel med en pulverkur, til å ha dette utgangspunktet:
Hvis man for eksempel går ned 10 prosent i vekt, bør man som en hovedregel redusere kaloriinntaket sitt med dobbelt så mye som vektnedgangen — i dette tilfellet 20 prosent.
Eg syns eg ser det på meg sjølv: Når eg har gått ned til normalvekt (ein gong, forhåpentlegvis), vil eg ha gått ned ca 55% kroppsvekt. x2 = 110% reduksjon av matinntak. Blir skyldig energi eg da? Fin formel, LOL !
Men altså. Etter endt vektnedgang, når ein skal stabilisere, må ein alltid ete mindre enn "normale"? Forbrenner vi ikkje normalt, er kroppane våre varig endra til å alltid legge på seg lettare enn "normale" folk eller korleis er det med den saka? Eit visst grunn-nivå av energi må jo alle mennesker ha for å oppretthalde livsfunksjonar uansett om dei har vore feite tidlegare.
__________________
![](http://tickers.TickerFactory.com/ezt/t/wzQBkMS/weight.png)
|